Bokmelding: Geir Sverre Braut

Kanskje samfunnsmedisinen og samfunnspsykologien bør prata litt saman?

085-086

Michael 2026; 23: 85-86

doi: 10.5617/michael.13092

Ole Jacob Madsen

En kort introduksjon til samfunnspsykologi

Bergen: Fagbokforlaget, 2025

175 s.

ISBN 9788245023213

Dette er ein velskriven og kortfatta monografi om fagfeltet samfunnspsykologi. Forfattaren har utforma teksten som eit forsvarsskrift for ein truga fagtradisjon. Eg kjenner ikkje det psykologiske feltet godt nok til å seia om uroa er grunna, men med over 40 års røynsle frå samfunnsmedisinen forstår eg kva han kjenner på.

Hjelpeplikta, det daglege kravet frå dei einskilde meir eller mindre akutt trengjande, er vel noko som både psykologar og legar støtt møter. Det krev mot og kunnskap å gå oppover langs elva for å finna fram til kven som kastar personane uti, når redningsbehovet nedstraums er stort. Dette biletet frå Aaron Antonovsky plasserer fagfeltet i ein tverrfagleg samanheng.

Madsen lukkast med å få fram balansen mellom det individuelle og det kollektive imperativet som ulike hjelpeprofesjonar støtt står i. Slik sett bør boka ha appell langt utanfor psykologane sitt fagfelt. Forfattaren går inn i historia til samfunnspsykologien. Ut frå dette viser han til teori og empiri som fagfeltet trekkjer på. Han støttar seg både til medisinen og ikkje minst samfunnsvitskapane, men gjennom heile boka trekkjer han med seg psykologien si eiga fagforståing som ein bindande tråd.

I første kapittel definerer Madsen fagfeltet. Han knyter det til nasjonale og internasjonale påverknader om at psykologane må nytta kompetansen sin til å vera med på å løysa samfunnsproblem, ikkje berre til å behandla trengjande menneske.

Det andre kapittelet om fellesskap er for meg høgdepunktet. Det er ein flott argumentasjon over tretti sider om fordelar og ulemper ved å vera del av ein fellesskap. Ikkje berre får forfattaren fram føremonene med samhald, men han klarer å vega dette opp mot ulempene og påkjenningane i samværet. Her spelar han også på ein vitug måte på skjønnlitterære forfattarar som John Donne og samfunnsteoretikarar som Zygmunt Bauman.

Den meir klassiske helsefremjings- og førebyggingsteorien finn vi i det tredje kapittelet. Madsen brukar klokeleg Geoffrey Rose si inndeling i høgrisiko- og befolkningsstrategi. Denne tilnærminga er som hand i hanske med både eit samfunnspsykologisk og eit samfunnsmedisinsk perspektiv. Om forfattaren hadde vald å illustrera dei to strategiske tilnærmingane med døme frå rusmiddelarbeidet, ville han kome tett på det praktisk politiske og operasjonelle og synleggjort spenningane mellom det individuelle og det kollektive.

Eg saknar noko om årsaks-verknadstenking, ein referanse til Austin Bradford Hill og ein presentasjon og analyse av Verdas helseorganisasjon sin helsedefinisjon. Ei djupare drøfting av mono- og multikausalitet kunne også vore med. Dette hadde knytt samfunnspsykologien nært til samfunnsmedisinen.

I det fjerde kapittelet blir det engelskspråklege omgrepet empowerment drøfta. Ofte brukar me myndiggjering på norsk. Madsen knyter det elegant til omgrepet livsmeistring. Det er klokt, fordi det er dette som blir nytta i det nye læreplanverket for skulen.

Femte og siste kapittel ser på samfunnspsykologi i eit kritisk perspektiv. Her tar forfattaren eit teoretisk utgangspunkt, der han skil mellom empirisk-analytiske, historisk-hermeneutiske og kritiske vitskapar. Boka ber preg av ei søking etter å knyta desse tre teoretiske innfallsvinklane saman.

Forfattaren viser også korta sine i god akademisk tradisjon, med eit omfattande og relevant noteapparat.

Geir Sverre Braut

Geir Sverre Braut er lege og spesialist i samfunnsmedisin, seniorrådgivar ved Stavanger universitetssjukehus og pensjonert professor frå Handelshøgskulen, Høgskulen på Vestlandet.